Jul på Sunnfjord Museum

Ta med familie og vener, og finn julestemninga i vakre og historiske omgjevnader hos oss.


Du møter eit julepynta museum med utstillinga "Pepperkakebygda mi 2018" i utstillingssalen.
Vi håpar på eit snødekt tun der borna kan løyse julerebusen vår.
I museumsbutikken finn du julegåvene til både store og små, eller du kan nyte ein kopp kaffi og noko søtt i kafeen.

Opningstider i desember 2018:

Vi har ope i kvardagar fram til torsdag 20. desember  frå kl. 10.00 til 15.00.

Ope på følgande søndagar:
2. desember, kl. 12.00–16.00
9. desember, kl. 12.00–16.00
16. desember, kl. 12.00–16.00 (siste utstillingsdag)
Desse søndagane byr vi på pepperkaker og gløgg til alle som kjem!

Billettprisar til utstillinga:
Born 0-5 år: Gratis.
Born over 5 år, vaksne, student og honnør: 30 kr.
Dei som har levert bidrag til "Pepperkakebygda mi" får ein gratis inngang i utstillingsperioden.

Vi minner og om Jul i Stallgata på Mo, som har ope helgene 1. og 2. desember, og 8. og 9. desember, kl. 16.00–19.00.
 

Velkomen til førjulstid på Sunnfjord Museum!