Pepperkakebygd

Utstillinga "Pepperkakebygda! mi 2018" er opna!


Kom og sjå alle dei fine husa og figurane vi har fått inn.
I tunet kan du prøve deg på julerebusen vår, og sjekk ut museumsbutikken om du er på jakt etter julegåver.
Vi byr på pepperkaker og gløgg til alle som kjem, og det er også sal av kaffi og kakao og andre kioskvarer.

Opningstider og billettprisar:


Søndag 2. desember, kl. 12.00–16.00
Søndag 9. desember, kl. 12.00–16.00
Søndag 16. desember kl. 12.00–16.00 (siste utstillingsdag!)

I vekedagane er utstillinga open frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

0-5 år: gratis
Born frå 5 år, vaksne, student og honnør: 30 kr.

Til dei som har levert bidrag til pepperkakebygda:

  • Alle som deltek får ein gratis inngang til "Pepperkakebygda mi" i utstillingsperioden.
  • Bidraga må hentast på museet i perioden måndag 17.- t.o.m. fredag 21. desember i tidsrommet 08.30–15.30.


Velkomen til "Pepperkakebygda mi" på Sunnfjord Museum!