villsau

Midtre Sunnfjord Husflidslag strekker markeringa av ullveka 2018 nokre dagar, og har i samarbeid med Sunnfjord Museum invitert sivilagronom og bonde, Hilde Buer, til Sunnfjord Museum tirsdag 30. oktober kl. 19.00!

Sauen har fulgt menneska i minst 11 000 år. På alle kontinent og til alle tider har sauen gitt oss rike gåver. Takka vere rike husflidstradisjonar vert norsk ull no endeleg løfta fram og mange flotte produkt får nytt liv. Hilde lever av og for sauene sine ute på Værlandet. Ho deler historier om eigne sauer og drøser kring sauen og ulla si historie.

Arrangementet er ein del av ullveka 2018, som blir markert i Sogn og Fjordane i perioden 19.-28. oktober. Ullveka i fylket vert arrangert etter idé frå våre nabofylker i sør. Les meir om ullveka, dei ulike programma og aktivitetane via denne linken: http://www.ulluken.no/uploads/2/9/0/5/29053849/ullveka_2018_sogn_og_fjordane.pdf. 

Tidspunkt: 30. oktober, kl. 19.00. Dørene opnar kl. 18.00.
Midtre Sunnfjord Husflidslag sel kaffi/te og kaker. Dei har også loddsal.
Hilde Buer har med garn, skinn og strikkevarer.

Billettar: 100 kr.

Hjartleg velkomen!