Haustferie

Haustferie!


Måndag 8. og tirsdag 9. oktober, klokka 10.00 - 15.00, inviterer vi heile familien til aktivitetsfylte dagar her på Sunnfjord Museum!

I år set vi fokus på poteta og inviterer mellom anna til verkstad med potettrykk på stoffposar.
Som vanleg er dei ulike husa i friluftsmuseet ramme for aktivitetar og sal av god heimelaga mat. Det blir bogeskyting i Sersjantløa, eventyrstund i Østenstadstova, og i Huus-stova kan du spele spel, teikne og ta ein kopp kaffi. Tende grillar i tunet er til fri bruk.
Mostien og dyreløypa er fine turmoglegheiter for liten og stor.
Siste sjanse til å sjå utstillinga "Roser og snirkler av gult og blått", om Viksdalsmåling på 1800-talet - og i dag.

Program for begge dagane: 

Kl 10:00-15:00 Bogeskyting i Sersjantløa
Kl. 10.00: Bli med og bak potetkaker (måndag). v/ Norunn Hornnes, Førde Bygdekvinnelag. (Halbrendhuset)
Kl. 10.00-12.00: og 12.30 -15.00: Verkstad med potettrykk. (Halbrendhuset)
Kl. 12.00: Lag ild ved bruk av eldstål og flint (i tunet)
Kl. 13.00: Eventyrstund i Østenstadstova

Inngang: 50 kroner. Dette inkluderer materiale på verkstadene. 

Velkommen til leikande og lærerike dagar i haustferieveka!