Husflidsmesse

Laurdag 8. (kl. 12-17) og søndag 9. september (kl. 12-16) ynskjer Midtre Sunnfjord Husflidslag og Sunnfjord Museum velkommen til den årlege og tradisjonsrike handverks- og husflidsmessa på Sunnfjord Museum i Movika.

I år er det kring 28 lokale og tilreisande utstillarar som er påmeldt. Som vanleg er mange av dei gamle husa på museet ramme omkring utstillingane og sal av tradisjonelle handverksprodukt i ulike materialar. Er du på jakt etter ei spesiell gåve eller vil kjøpe noko fint til deg sjølv? Her er noko for einkvar smak, så ta turen innom!

Det blir ymse aktivitetar i tunet både for store og små begge dagane: 
Laurdag blir det demonstrasjon av tjørebrenning med bruk av tjøremile. Handverkarane på museet viser prosessen og svarar gjerne på spørsmål.
Søndag kjem Førde Hagelag og har omvising i urtehagen. Elevar frå Mo vgs kjem og tilbyr riding (søndag).
Museumsutstillinga "Roser og snirkler av gult og blått", om Viksdalsmåling, er open for alle.
Uteleikar til fri bruk i tunet.

Ta ein pause i kafeen i Halbrendhuset der det blir sal av god, heimelaga mat.

Velkommen til messe på Sunnfjord Museum!