Selskapslokale > Sersjantløa

Sersjantløa kjem frå garden Indrebø i Angedalen i Førde og fekk namnet sitt fordi Bertel Anderson Indrebø, som eigde garden mellom 1872 og 1910, hadde gått underoffiserskulen og var sersjant.

Kor gamalt huset er, er meir uvisst. Inni kan ein tydeleg sjå at det er eit eldre hus som er påbygd i lengderetninga. Den eldste delen er bygd av furu, medan den yngste er av lauvtre. I samband med påbygginga som truleg fann stad ei eller anna gang mellom 1850 og 1880, vart det også bygd fjøs og gjødselkjellar under løa. Det kan ha vore den nemnde sersjanten som bygde løa, men det kan og ha vore den tidlegare eigaren Rognald Anderson Indrebø.

Då løa vart flytta til museet i 1993 valde vi berre å flytte løa, medan fjøsen og gjødselkjellaren sto att. Slik løa står i dag inngår ho i eit tun frå kring 1850, og då var det ikkje vanleg med slike kombinerte driftsbygningar.

Historien om Sersjantløa...last ned pdf.

Sersjantløa sunnfjord museum

Sersjantløa sunnfjord museum

Sersjantløa sunnfjord museum