Viksdalsmåling Sunnfjord Museum

Søndag 3. juni kl 14.00 blir det konsert med "Krudlalaget" her på museet!

"Krudlalaget" er ei sanggruppe med unge folkesongarar frå 3-12 år. Dei syng gamle songar.
Små slåttestev, stubbar og vers, slike som dei song før i tida. Desse songane lærer dei ved at songane vert "trylla" fram av eit rosemåla skrin som dei kallar for "Toneskrinet". 
Skrinet er fyllt til randen med songar, og er måla i Viksdalsmåling. Skrinet passar godt akkurat no, når vi har utstilling om Viksdalsmåling på museet.

Museet opnar kl 12.00.

Billlettar:
Vaksne: kr 60,-
Student/Honnør: kr 40,-
Barn: gratis

Hjarteleg velkommen til konsert.