Sivert N. Nesbø

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

Lån øyre til forfattar frå Førde, Sivert N. Nesbø (f.1982), som kjem til museet for å snakke om omgrepet stad i samband med skriving. Han er oppteken av kva staden har å seie for og i forfattarskap – kan ein tenkje seg Dale utan Jakob Sande eller Bergen utan Amalie Skram? Staden er på mange måtar noko ein forfattar forstår seg sjølv gjennom, og samstundes endrar heile tida staden seg, utanfor nokon sin kontroll.

Nesbø debuterte med «Skårgangar» i 2013, og i 2015 kom den andre romanen hans, «Som eit barn». Hausten 2018 er han aktuell med ein ny roman, «Sjøen om vinteren». Han var ein av dei første som hadde kunstnaropphald i Jacob Sande-tunet i Dale. Nesbø er i dag busett i Bergen.

Det blir lett servering. Billettar kr. 100, –.
Arrangementet startar kl 19:00 den 26.april. 

Hjartleg velkommen til hyggeleg torsdagskveld på Sunnfjord Museum.