Husflid, handverk, messe, museum

Laurdag 2. (12-17) og søndag 3. september (12-16) skipar Midtre Sunnfjord Husflidslag og Sunnfjord Museum til den årlege og tradisjonsrike handverks- og husflidsmessa på Sunnfjord Museum i Movika. Som vanleg tek vi i bruk mange av dei gamle husa på museet til utstillingar og sal av tradisjonelle handverksprodukt i ulike materialar.

Det største innslaget på ei slik messe er sjølvsagt alle dei lokale og tilreisande produsentane som stiller ut og sel eigne produkt. Det er påmeldt kring 20 utstillarar, fleire av dei nye i denne samanhengen.

Under messa er museumsutstillinga “Kvardagsfolk” open for alle. Utstillinga tek utgangspunkt i førdekunstnaren Maia Birkeland sin installasjon «All those emotions», som handlar om korleis alle erfaringar er med på å forme mennesket. Sunnfjord Museum byggjer vidare på same temaet. Vi set kunstverket inn i ei råme  som kan styrke opplevinga av at dette gjeld oss og meg. Gjennom lyd, tekst og bilete i heilfigur møter du 18 tidlegare og nolevande sunnfjordingar som fekk livet sitt forma av tilfeldige hendingar, medvitne val, lukke og ulukke.

Utstillinga har fått mange godord av besøkande og vi vil oppmode alle til å få den med seg.

Også dei minste får eit tilbod desse dagane. Vi set fram uteleiker av ulike slag i tunet. Stylter, ringspel, kubbespel og hesteskokasting gjer at dei minste (og kanskje dei eldre og) kan få eit avbrot frå utstillingane.

På søndag er urtehagen open, og medlemer av Førde Hagelag vil vere til stades for å fortelje om bruk av dei ulike urtene.

I Halbrendshuset er det kafé der husflidslaget byr på god, heimelaga mat begge dagane.

Det skulle vere noko for folk i alle aldrar desse dagane, så velkomne i Movika!