kvardagsfolk

Hjarteleg velkomen til opning av utstillinga «Kvardagsfolk»

Sunnfjord Museum laurdag 17. juni kl. 13:00

I utstillinga «Kvardagsfolk» møter du 16 menneske frå Sunnfjord: 16 ulike personlegdomar, 16 ulike liv, 16 ulike historier og 16 gjenstandar som alle fortel noko om desse menneska. Halvparten av dei lever og bur her i dag. Den andre halvparten er blitt ein del av historia vår.

Ein av dei nolevande er skuleeleven Håvard Sætre. Under opninga vil han underhalde med gitarspel.

I utstillinga og i museumstunet møter du også biletkunstnaren Maia Birkeland sine installasjonar «All those emotions, I carry them with me» (2013) og «Kvardagsmonument» (2016).

Liva våre er mest kvardag og mykje kjensler. Men kven er vi eigentleg? Og kven er du?

Vel møtt!

Mvh Gunnhild Systad

Avdelingsdirektør