Brureferda

Fredag 23. juni 2017, klokka 17:00

Jonsok for alle er blitt ein tradisjon i Movika: Folket i Sunde krins og museet inviterer til feiring i historiske rammer, det vakre tunet som viser vår felles kulturarv. Også i år er det tende grillar for dei som vil lage sitt måltid i lag med små og store vener, kjende og ukjende, og ønskje brurefølgjet på Movatnet velkomne til tuns. Bål på vatnet og musikk i tunet skal det bli om veret tillet det. Is og drikke er å få kjøpt. Og så: «Ta sjansen!» - den årlege kappestriden mellom raskaste, raraste, tøffaste farkost med mannskap som fryktlaust kastar seg ut i Movatnet til jubelrop frå sine tilhengarar. Museet er ope heile dagen, kom gjerne tidlegare, få med deg utstillinga «Kvardagsfolk» og nyt livet før programmet startar.

Billett: Vaksne kr. 60,- / Born gratis

Farsund Vel, Sunde Krins Grendalag og Movika Not- og Samkomelag inviterer til ei stemningsfull stund på Sunnfjord Museum.

Go’kajakk stiller med færing til brureferd på Movatnet.

Velkommen til alle!

Nytt i år: Kl. 21:30 Påmeldingsfest i Sersjantløa med dans til musikk av Vi2. Arr. Sunde Krins Grendalag