torsdag

Noreg i Raudt-Kvitt-Blått! Kl 19 - 21:00

Midtre Sunnfjord Husflidslag og Sunnfjord Museum inviterer til torsdagsmøte i utstillinga "Matematisk Tråd!" frå Nordnorsk Vitensenter - om kvardagsmatematikken i handarbeid og omgivnader som vi ikkje «ser».

Museet har funne fram døme på trådar til matematisk praksis i kulturarven som syner kunnskap vi i dag kan vere stolte, og få inspirasjon til nyskaping, av! MSH ønskjer å setje særleg lys på 17.mai-tradisjonar, Sløyfer!, og håpar publikum vil ta med seg døme på heimegjort pynt. Vi tek også med nokre døme på dekor som er brukt over heile kloden, og inviterer publikum til å lage sine eigne mønster, 17.maisløyfer og -broderi. Rawad frå Syria vil vise sine raudt-kvitt-blått-syslerier laga etter at han kom til Sunnfjord.

Velkommen til ein interessant og hyggeleg kveld i Movika!

Sal av kaker/kaffi, åresal/utlodding.

Inngangspengar kr. 100,-