Utstillinga Matematisk Tråd

Kan handarbeid få fleire til å oppdage matematikken i kvardagen? Kan handarbeid syne matematiske prinsipp? Ved hjelp av modellar i strikking, hekling og nupereller viser ein grunnleggande teknikkar og geometriske prinsipp og figurar. I utstillinga kan du sjå hovud- og halsplagg utforma med utgangspunkt i geometriske former og strikka modellar av bygg som Tangram og Tårnet i Hanoi.

Museet viser for tida vandreutstillinga «Matematisk tråd», og inviterer til ei oppdagarreise for både «stoveblinde» og alle som «ikkje er gode i matte». I eit leikande perspektiv kan vi sjå at våre forfedre og –mødre har praktisert matematisk kunnskap i århundre, før utdanningssamfunn og kompetansemål la lista som vi alle skal hoppe over, meir og mindre snublande.

Museet har henta fram frå magasinet døme på matematikk i dekor på tregjenstandar og tekstil til produksjon av bruksgjenstandar og kle. Også flagget vårt har matematiske lover for utforminga! Vi har også nokre trådar til vårt viktige nasjonalsymbol.

Utstillinga frå Nordnorsk Vitensenter har «verkstadbord» der alle kan prøve sine ferdigheiter, både innan strikkekunst og tredimensjonale puslespel. Museet supplerer med geometriske former til puslespel for golv fri mønsterbygging, og har lagt til rette for eigen aktivitet med inspirasjon til mønsterlaging for strikk og broderi – og klypping i papir.

Utstillinga er utvikla av Nordnorsk Vitensenter i samarbeid med Jærmuseet ved Vitenfabrikken og Matematikksenteret, med støtte av Abelfondet og Sandnes Garn.