Jul i gamle dagar

I Halbrendshuset er det julepynta og levande lys som ramme for juleforteljingar og -songar. Julegrauten hausta mange godord i fjor, den høyrer naturleg med også i år. Mette, varme og glade kan vi vandre gjennom tunet, som vi håpar viser seg i snødrakt, til Juleverkstaden. Som før er verkstaden lagt til utstillingssalen, der vi vert omgitt – og inspirert – av Viva Basket!, flettetradisjonar frå Polen og Noreg. Vi flettar oss inn i juletradisjonane med eigne arbeid, og  avsluttar dagen med gang og sang rund juletreet UTE på grunn av plassmangel i utstillinga

KLOKKA               10.00 – 13.00 (eller etter avtale)

VEKE                    48:  tysdag 29.11. – onsdag 30.11. –  torsdag 1.12. –  fredag 2.12.

                              49:  tysdag 6.12. – onsdag 7.12. – torsdag 8.12.

                              50:  tysdag 13.12. –  onsdag 14.12. – torsdag 15.12. –  fredag 16.12. 

                               Maks. 38 elever

PRIS                      Kr. 45,- kr. pr. person

Risgraut (m/sukker, kanel, rosiner + raud saft) og juleverkstad

Dersom elevar ikkje tåler mjølk, ønskjer vi beskjed om dette ved påmelding og at lærar ordnar alternativ.

 

KONTAKT            Oddbjørg Hjelmeland (formidlingsleiar) eller Nadine Ranke (museumsvert)

EPOST                  sum@misf.museum.no

TELEFON             57 72 12 20 eller 91 76 74 52              

www.sunnfjord.museum.no

Velkomen til juleprogram!