Sunnfjord Museum tilbyr guiding og formidling, skiftande utstillingar og arrangement, urtehage og museumsbutikk, og leiger ut hus og lokale til møteverksemd og fest. Museet ligg ved Movatnet like aust for Førde sentrum og er ope heile året, med størst aktivitet i friluftsmuseet i sommarsesongen.

Ta kontakt med oss dersom du er på leit etter lokale til møte, festar og ulike familiearrangement. Vi tilbyr utleige av hus med hyggeleg og historisk atmosfære heile året, og har blant anna ledige lokale i juni, juli og august 2017. Sjå også tilbud til bryllaup - bryllaupspakka. Du kan også reservere lokale for kommande år :) Ta kontakt. 

Sunnfjord Museum har eit vakkert uteområde med koselege sitjeplassar ved Movatnet og mellom husa i tunet. Ein kan tinge grill om ønskeleg. Museet er også utgangspunkt for turstiane Mostien og Dyreløypa. Deler av dei merka stiane følgjer Den Trondhjemske Postvei, og fleire informasjonstavler langs rutene fortel om den lokale natur- og kulturhistoria.

Sunnfjord Museum har samlingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord og bygningar som syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet er tillagt samordnings- og rådgjevingsansvar for handverk, handlingsboren kunnskap og immateriell kultur i fylket.

Velkomen til Sunnfjord Museum – anten du er på jakt etter kunnskap, eller berre treng ei avslappa stund i det vakre uteområdet vårt. 

1