SM Sulla meg litt du mamma mi

 

Sulla meg litt, du mamma mi - GRENSELAUS SONG!

Voggesongar frå Iran, Sri Lanka, Afghanistan, Eritrea og Syria i møte med bånsullar frå Hardanger og Sogn og Fjordane   

Same kvar vi kjem frå i verda, syng vi for borna våre. Velkomen til eit møte med songtradisjonen som representerer eit fellesskap som går på tvers av alle kulturelle, religiøse og geografiske skilje: Voggesongane. Same kvar på kloden vi veks opp, om vi er fattig eller rik, muslim eller kristen, syng vi for borna våre. Desse songane er ein skatt vi ber med oss gjennom livet, også dei som vert tvinga på flukt frå heimlanda sine.

I denne timen let songar Kari Malmanger og innvandrarkvinner i Sunnfjord voggesongar frå Iran, Sri Lanka, Afghanistan, Eritrea og Syria møte bånsullar frå Hardanger og Sogn. Vi får kjenne på det menneskelege fellesskapet og den grenselause songgleda – og kanskje får vi lære oss ein ny voggesong eller to?

Billett kr. 100    

Gruppe (10stk+) á kr. 50    

Barn under 18år gratis

Du får også med deg utstillinga Viva Basket!

Idé og produksjon: Førdefestivalen  -  Musikalsk leiar: Kari Malmanger, kvedar/folkemusikar  - Prosjektkoordinator: Jorunn Bakke Nydal, Sogn og Fjordane fylkeskommune - Produksjonen hadde urframføring under Førdefestivalen 2016