Museet og samlinga > om museet

Sunnfjord Museum er ein avdeling av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane og regionmuseum for alle kommunane i indre Sunnfjord. 

Sunnfjord Museum vart, som mange andre av dei norske folkemusea, skipa på byrjinga av 1900-talet. Nasjonsbygginga etter unionstida var nok ei viktig drivkraft i dette arbeidet.

Sunnfjord Sogelag som eig museet vart skipa i 1910, men museet vart ikkje opna før i 1926. Første museumsstaden var i Førde sentrum. Staden var ikkje godt eigna, og alt i 1950-51 vart museet flytta til Movika, der det sidan har lege. Dåverande formann i Museumsforbundet, Robert Kloster, som held talen på nyopninga sa mellom anna

"...jeg har sett mange museumsområder gjennem årene, men sjelden har jeg sett noe så vakkert og selvfølgelig som Movika".

Movika er ein gamal husmannsplass, og i tillegg til dei tilflytta husa, har vi også tatt vare på dei gamle plasshusa.

 ragnar
Foto: Ragnar H. Albertsen

Det var berre 3 antikvariske hus som vart flytta frå Førde til Movika. På 1950- og 1960-talet kom det mange nye hus til, og friluftsmuseet slik ein kjenner det i dag, byrja å ta form. I 1975 kom den statlege tilskottsordninga for halvoffentlege museum, noko som totalt endra arbeidstilhøva for musea her i landet. Sunnfjord Museum kom også med på denne ordninga, og i 1978 kunne museet for første gong tilsette eigen styrar ved museet. Samtidig fekk ein realisert planane for eit eldfast kontor- og utstillingsbygg og seinare eit eige verkstadbygg.

ragnar
Foto: Ragnar H. Albertsen

Sunnfjord Museum er i dag eit moderne museum der ein kan ivareta dei fleste museumsfaglege oppgåver.

ANSVARSOMRÅDE

Frå starten av hadde museet heile Sunnfjord, både kyst og innland, som sitt ansvars- og arbeidsområde. Etter kvart som Kystmuseet i Sogn og Fjordane vart etablert, såg vi det som naturleg med ei funksjonsdeling, og i Museumsplan for Sogn og Fjordane vart dette formalisert og det vart slått fast at Sunnfjord Museum er ansvarsmuseum for kommunane Naustdal, Førde, Jølster, Gaular og Fjaler. Dei samlingane museet har frå kystkommunane vil vi framleis både ta vare på og ansvar for.

Sunnfjord Museum er eit allment kulturhistorisk museum, med samlingar som speglar av dagleglivet til folk flest. Tradisjonelt har det vore primærnæringane og handverk av alle slag som har vore den næringsmessige tilknytinga til museet, men i seinare tiår har vi også dokumentert industrireising i regionen og lagt større vekt på samtidsdokumentasjon.

Museet er no tillagt samordnings- og rådgjevingsansvar for handverk, handlingsboren kunnskap og immateriell kultur i fylket.