Born og unge

Formidlingstilbod: Sunnfjord Museum tek imot skuleklassar og barnehagar på alle trinn og tilbyr gratis skuleopplegg i tilknyting til friluftsmuseet og til utstillingar i hovudbygningen. I tillegg utformar vi undervisningstilbod etter spesielle emne og ynske til vaksne.

Gjennom året utarbeider museet eigne undervisningsopplegg for barnehagane og dei ulike klassetrinna i grunnskulen. Desse opplegga er som oftast basert på ein heil skuledag og på aktiv medverknad frå elevane i løysing av praktiske oppgåver.

Informasjon om desse skuleopplegga går ut til alle grunnskulane i Sunnfjord i god tid med høve til å melde seg på.

Vi har blant anna eit eige underisningsopplegg som går på Hus og Byggeskikk i Sogn og Fjordane. Dette finn du meir informasjon om her.

Kontaktperson på museet er Oddbjørg Hjelmeland.


1) Utstillinga Kvardagsfolk

KVARDAGSFOLK tek utgangspunkt i førdekunstnaren Maia Birkeland sin installasjon «All those emotions», som handlar om korleis alle erfaringar er med på å forme mennesket. Gjennom kunstverket tek Maia opp grunnleggande eksistensielle forhold om korleis vi menneske blir som vi blir.

Sunnfjord Museum byggjer vidare på same temaet. Vi set kunstverket inn i ei råme  som kan styrke opplevinga av at dette gjeld oss og meg. Gjennom lyd, tekst og bilete i heilfigur møter du 18 tidlegare og nolevande sunnfjordingar som fekk livet sitt forma av tilfeldige hendingar, medvitne val, lukke og ulukke.

Fram til 31.10.2017

Ta kontakt for avtale angåande program, dag og tid.

Tidsbruk utstilling/opplegg: Ca 1,5 time.

Vi inviterer med dette klassar på barne- og ungdomstrinnet til eit besøk på museet.  Ei lærerik utstilling kan kombinerast med uteliv! Lag dykkar eige dagsprogram, men legg inn tid til utstilling! 


2) Ein skuledag i gamle dagar 

skule

Etter som tida går vert det stadig meir eksotisk å prøve «skriveboka» skifertavle og «blyanten» griffel, pugge salmevers og prøve seg på handskrift med penn og blekk. Skulen i gamle dagar er difor eit populært tilbod på museet. Og når skuleklokka ringjer til friminutt er det tid for song og leik i tunet. Å ta fram att mange av dei gamle dygdene er aktivitetar som fengjer og gir meining for elevane. Forteljingar om barndom, skule og  samfunn i eldre tider har alltid appell. For oss på museet er det inspirerande å formidle dette til stadig nye årgangar.


3) Reise til gamle dagar - omvising og forteljing i museumstunet 

  • Skulestova
  • Østenstadstova/Eldstova – tid til forteljing og /eller eventyr
  • Husmannsplassen frå 1790-talet der Nils og Marte Movik budde fram til dei døydde i 1903 og 1905.

Veke 21 til 24. Opplegget tek ca. 2 skuletimar og passar godt for barnehagar og barneskule, men kan også tilpassast vidaregåande skule / vaksenopplæring.


4) Turtilbud 

Tunet er ein vakker og fredeleg plass nær sentrum! Vi set ut utespel og leikar for store og små: stylter, hestesko-kastingsutstyr, kubbe- og ringspel til låns. Materiell til rebusløp og skattejakt får ein i resepsjonen. Grillane er disponible for dei som vil ta med kol og tennvæske til eige bruk.

Dei gode turmogelegheitene med Mostien og Dyreløypa som startar/endar i tunet er populære for alle aldersgrupper.

skuletilbod

DYRELØYPA (april til oktober) er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute med representative hus og kulturlandskap for Indre Sunnfjord. Løypa går mellom Mostien og museet. I løypa vert ein kjend med den lokale faunaen ved hjelp av informasjonstavlar som er utforma på fleire språk og med tanke på born av ulik alder. Den inneheld elles dyrefigurar, dyrelydar, og utstoppa dyr.

MOSTIEN er ei vandring i natur og kultur. Turen går i lett kupert terreng mot Huldefossen. Undervegs fortel museumsbygningar og informasjonstavler om både tradisjonell og moderne utnytting av naturressursane (stølsdrift, sagbruk, vegetasjon, jakt og fangst). Stien er merka med treskilt. Turen kan lett gjerast lang eller kort etter ynskje.


I november/desember kan barnehagar og - skular på barne- og mellomsteget tinge:

5) "Jul i gamle dagar"

Det er blitt tradisjon for mange å komme til Movika for å oppleve god sjølvlaga julestemning. Det er vi på museet svært glade for! Med dette innbyr vi barnehagar og skuleklassar på barne-/mellomtrinn til ein innhaldsrik dag med formidling av kunnskap om gamle tradisjonar kring jula, og oppleving av å skape høgtid med vidareføring av desse.

jul